Sa ja til kvarandre på Piggen

Maja Pettersen og Thore Skarsbø gifta seg 6. juni på toppen av Noregs høgaste fjell.

Maja Pettersen og Thore Skarsbø feira kjærleiken i stri vind og kuldegrader - på Galdhøpiggen.  Foto: Human-Etisk Forbund

Nyheiter

Saman med eit brudefølgje på 25 gjestar gjekk dei på Galdhøpiggen i 4 minusgrader og opptil 11 sekundmeter vind. Det var ikkje mykje sikt, men følgjet var fast bestemt på å nå toppen for å feire kjærleiken.