Kjøleg telefonsamtale i Lom

Den raude telefonkiosken på Bergom blir fortsatt brukt ...

Telefonkiosk: Den raude telefonkiosken i Lom er éin av i alt 100 freda telefonkioskar i landet. Sjølv om telefonen er borte, er kiosken fortsatt i bruk ...  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Telenor sin telefonkiosk i Lom er éin av i alt 100 telefonkioskar i landet som er freda og får stå.

Kravet frå myndigheitene om at Telenor måtte tilby betalingstelefonar vart fjerna 1. januar i 2016. Same året vart telefonane kopla frå i samtlege telefonkioskar.

Sjølv om summetonen er borte, blir den raude telefonkiosken i Lom sentrum fortsatt brukt, noko vi var vitne til torsdag.

Etter det Fjuken kjenner til har Diplom-Is-figuren stått mange dagar i telefonkiosken, og vore like blid til samtlege forbipasserande. Vi berre spør: Kan dette vera Lomsrussen sitt påfunn?

Uansett: Det lykkast ikkje Fjuken å få ein einaste kommentar frå figuren inne i telefonkiosken torsdag føremiddag ...

Telefonkiosk-fakta:
Den fyrste raude telefonkiosken vart plassert på Amerikalinjens kai i Oslo i 1933. Fyrst etter krigen spreidde denne kiosktypa seg til resten av landet. Plasseringa av dei offentlege telefonkioskane tok alltid omsyn til den allmenne tryggleiken, og skulle gjeva enkel tilgang på lege, jordmor, politi og brannvesen. Telefonkioskane var eit fast innslag blant boligblokkane i 60-talet sine drabantbyar, på jernbanestasjonar, og ved mange ferjekaier. Den offentlege telefonkiosken var i fyrste rekkje eit servicetilbod, der lønsemda kom i andre rekkje. (Kjelde: Telemuseet)