Sommarens «Camp Ut» er avlyst

Fjelleventyret i Skjåk må avlyse i år, men har allereie lagt planar for 2021 og lovar ei rå aktivitetsveke neste sommar.

Avlyst: Sommarens «Camp Ut» er avlyst, melder Fjelleventyret. Arrangementet, som er ei aktivitetsveke for barn og unge, skulle etter planen bli arrangert i slutten av juni. Dette bildet er frå fjorårets arrangement.   Foto: Hans Erik Kjosbakken/Arkiv

Nyheiter

Arrangøren Fjelleventyret har kjempa for å greie å leggje til rette og arrangere «Camp Ut» i Skjåk i år. Mange deltakarar var påmeldt sommarens aktivitetsveke for barn og unge.

Nå er årets «Camp Ut» avlyst, grunna situasjonen kring korona-pandemien.

– Det har kome mange utfordringar på rad og rekke, nokre aktivitetar har trekt seg, nokre kan ikkje fullføre grunna smitteverntiltak, og andre har ikkje fått klare signal om å starte oppatt. Buss og transport av alle barna blir også vanskeleg med 150 personar, inkludert leiarar som skal fraktast rundt omkring på ulike aktivitetar. Vi må difor dessverre avlyse, opplyser Fjelleventyret i eit brev som er sendt til alle påmeldte.

Fjelleventyret opplyser vidare at dei allereie har lagt ein god plan for 2021, og at «Camp Ut» kjem sterkare attende da.

– Vi håpar på det sterkaste at alle som var påmeldt i år, melder seg på «Camp Ut» 2021. Vi skal love dykk ein rå camp, skriv arrangøren.