Skjåk friviljugsentral får eit realt ansiktslyft

– Nå som stort sett alt av aktivitet er stoppa grunna koronaviruset, passa det ekstra bra å utføre den planlagte oppussinga nå.

Oppussing: Skjåk friviljugsentral blir i desse dagar pussa opp, med mellom anna nye veggfargar og nytt golvbelegg. Dagleg leiar Jo-André Sperstad Fjeld gler seg til å syne fram resultatet. Her er det Arnborg Teigum som er i full drift.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier dagleg leiar Jo-André Sperstad Fjeld på Skjåk friviljugsentral. Sentralen i Bismo får nå eit realt ansiktslyft i form av nytt golv og ljos, nymala tak og veggar, og delvis nytt interiør.