Har fått 700.000 kroner i prosjektmidlar frå Helsedirektoratet:

Utviklar nytt tilbod for eldre

Utvikling og utprøving av VR-teknologi skal etter planen auke deltaking og førebyggje einsemd blant eldre i Skjåk.

Nytt tilbod for eldre: Robert Strind i det lokale IT-selskapet daLom AS, og Jo-André Sperstad Fjeld på Skjåk frivlijugsentral,har stor tru på teknologiprosjektet som inneber utvikling og utprøving av VR-teknologi for eldre. Friviljugsentralen har fått 700.000 kroner frå Helsedirektoratet til prosjektet, der VR-brillene som ligg på bordet er sentrale.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Skjåk friviljugsentral har søkt om og fått støtte frå Helsedirektoratet til å utvikle og prøve ut såkalla VR-teknologi. Målet med prosjektet er å gjeva eldre moglegheit til å delta i aktivitetat og hendingar dei vanlegvis ikkje kan delta på til dagleg.