Trafikkulykke i Bøverdalen

Motorsykkel mot bil på fylkesveg 55, Sognefjellsvegen i Bøverdalen.
Nyheiter

Politiet opplyser at motorsyklisten er meldt lettare skadd.

Politiet melder torsdag ettermiddag at dei mistenkjer at motorsyklisten var påverka. Politiet har derfor beslaglagt førarkortet til vedkomande.

Motorsyklisten er frakta til sjukehus.

Både motorsykkelen og bilen er henta av bergingsbil.