Koronatrygg kyrkjegardsplanting

– Vi skal få trivelege plantedagar samstundes som vi skal passe på at det er trygt.

Dugnad: – Velkomne til plantedugnad! Det er fint om alle tek med seg dei dei treng sjølve, både hanskar, vasskanne og plantereiskap, oppmodar Bente Sulheim Ovesen, leiar i Lom kyrkjelege råd.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Det seier Bente Sulheim Ovesen, leiar i Lom kyrkjelege råd.

I Lom blir det plantedag den 3. juni, i Garmo dagen etter, den 4. juni – og i Bøverdalen den 8. juni.

– Vi startar midt på dagen, og held på i fleire timar, ikkje berre eit par, slik det har vore før. Dette gjer vi for at det ikkje skal bli kø og trengsel. Vi vil òg ha eit par personar i gul vest, som skal sjå til at vi følgjer smittevernreglane så godt som råd er. Det er greitt å gjera folk merksame på dette på førehand, seier Bente Sulheim Ovesen, som kjenner seg trygg på at plantedugnaden ved dei tre kyrkjegardane skal bli like trivelege som dei plar vera.