Har fått 375.000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB:

Skjåk Turlag set opp dagsturhytte i Skjåk

Skjåk Turlag har i lang tid hatt planar om å få sett opp ei dagsturhytte. Takka vere Sparebankstiftelsen DNB er finansieringa nå på plass, og arbeidet med å få sett opp hytta kan starte.

Dagsturhytte: Jarleif Ellingbø, Per Bakken og Mogunn Synstnes i styret i Skjåk Turlag er glade for å ha fått midlar frå Sparebankstiftelsen DNB til å setja opp ei dagsturhytte i Skjåk. Går alt etter planen vil den 12 kvadratmeter store hytta stå ferdig i oktober neste år.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Løyvinga frå Sparebankstiftelsen DNB var utruleg gledeleg for oss og avgjerande for prosjektet, seier Mogunn Synstnes, som er leiar i Skjåk Turlag.