– Riksveg 15 er livsviktig for Ottadalen Mølle

Fjellovergangen frå Skjåk til Stryn har vore stengt over 20 gonger denne vinteren. Det får store konsekvensar for mange, ikkje minst for Ottadalen Mølle.

Ottadalen Mølle: Nils Olav Fosstuen, dagleg leiar i Ottadalen Mølle, serverte både kaffi og klåre meiningar onsdag føremiddag. Frå venstre: Edel Kveen, Nils Olav Fosstuen, Bjarne Eiolf Holø, Stein Tronsmoen og Turid Elise Kaus.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

– Vi sender om lag 580 vogntog over Strynefjellet kvart år. Den mest hektiske tida er om vinteren. Da går det i gjennomsnitt tre vogntog over fjellet kvart einaste døgn. At fjellovergangen er stengt så ofte, resulterer i store konsekvensar for oss. Omkøyring via Romsdalen fører til enorme ekstrakostnader, og konkurrentane våre brukar fare for stengd veg som eit argument mot oss, fortalde dagleg leiar Nils Olav Fosstuen da han onsdag føremiddag fekk besøk av lomsordførar Bjarne Eiolf Holø, skjåkordførar Edel Kveen, leiar i hovudvalet for samferdsel i Innlandet fylkeskommune, Stein Tronsmoen, fylkespolitikar Turid Elise Kaus (Sp) og dagleg leiar i Gode Vegar, Svein Sunde.