Nå kan eldre og uføre få køyrt heim bøker

Vågå frivilligsentral og Vågå bibliotek startar opp med utkøyring av bøker til eldre og uføre.

Samarbeid: Det er ei permanent ordning med utkøyring av bøker til eldre og uføre som nå Vågå bibliotek og Vågå frivilligsentral set i gang. Gro Dybvik på biblioteket og Inger Kari Sæta på frivilligsentralen håpar mange vil nytte seg av ordninga. Det er frivillige som skal køyre ut bøkene frå bilioteket ein gong for månaden. Fyrste utkøyring blir onsdag 3. august.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Tidlegare hadde biblioteket ei teneste som heitte «Boka kjem». Nå køyrer frivilligsentralen og biblioteket i gang att denne tenesta med å køyre ut bøker til eldre og uføre som ikkje kjem seg på biblioteket sjølve.