På TV2 laurdag kveld: Anna kokkar for kongeparet

Kongeparet skal feire nasjonaldagen på Bygdøy kongsgard. Anna Brimi frå Vågå er med og ordnar maten.

Anna Brimi lagar festmat for Kongeparet.  Foto: Skjermdump TV2

Nyheiter

På TV2 blir det laurdag kveld sendt eit program der vi får sjå korleis Kongeparet førebur seg på feiringa av 17. mai.

Sentral i førebuingane er kokkelærling Anna Brimi frå Vågå og kjøkensjef Nicolai Lundsgaard som har tilknyting til Skjåk. Han var mellom anna grillmeister da Bruvoll Handelslag feira 100 år i fjor sommar.

Programmet blir synt på TV-kanalen klokka 22.15 laurdag kveld.