Opptakt til Landsfestivalen 2021 med konsert

Årets Landsfestival i gammaldansmusikk er avlyst. Neste års arrangør, Vågå trekkspelklubb, markerer eittårsdagen føre festivalen med opptaktskonsert i Ullinsvin i august.

Konsert eitt år føreåt: Vågå trekkspelklubb hadde si fyrste øving på kulturhuset tysdag denne veka etter at alle slike øvingar har vore stengt sidan i mars. I år er det festivaltørke, noko neste års arrangør av Landsfestivalen vil gjere noko med. 8. august arrangerer dei strømmekonsert i Ullinsvin for både levande publikum og skjermfølgjarar. Musikalsk leiar Arne Stasviken, til høgre.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Den 8. august neste år går Meisterkonserten under Landsfestivalen i Vågå. Dette vil vi markere med ein opptaktskonsert i Ullinsvin på eittårsdagen føre festivalen, seier Arne Stasviken.