Teatergruppa har laga musikkvideo om korona

17. mai har teatergruppa i UL Fram i Skjåk premiere på sin ferske musikkvideo «Samen på dona».

Musikkvideo: Teatergruppa i UL Fram har den siste tida arbeidd med å spela inn ein musikkvideo. Teksta skildrar korona-pandemien. F.v.: Geir Falling, Endre Skjåk, Rita Hellekveen, Gudbrand Skjaak, Rune Skjåk, Torill Wassæther, Magnhild Teigum, Tom Erik Solstad og Astrid Skjåk.   Foto: Kai Rune Melby

Nyheiter

Det var etter at 17. mai-komiteen for ei tid sidan spurde teatergruppa om dei ville bidra med eitkvart som kunne straumast på nettet på nasjonaldagen, at aktørane bestemde seg for å lage ein musikkvideo med korona-pandemien som tema.