Sognefjellet stengt på grunn av uvêr - ny vurdering måndag

Fylkesveg 55 over Sognefjellet er stengt på grunn av uvêr. Det blir gjort ny vurdering måndag 18. mai.
Nyheiter

Vegtrafikksentralen Vest melder fredag at fylkesveg 55 Sognefjellet er stengt på grunn av uvêr.

Vegen over Sognefjellet er nattestengt mellom 20.00 og 08.00, og blir såleis ikkje opna i dag fredag.

Det blir gjort ny vurdering om opning av vegen måndag 18. mai klokka 09.00.