Livet må gå (co)vidare

Med eit særs avgrensa antal billettar var det duka for ein maikonsert av dei sjeldne i Utgard fredag kveld. Ein kan nesten kalle konserten for ei nyopning av kulturstugu med tanke på situasjonen verda har vore i den siste tida. Og kva passar vel betre enn ei heilt nydanna gruppe til ei slik nyopning? 

Vegard Vårdal, Bjørn Kåre Odde, Julie Garmo og Camilla Granli kunne endeleg stå på ei scene att - med publikum i salen.  Foto: Ola Rossehaug

Nyheiter

Nå er det slik at Utgard er kjent for dei fleste, det same er musikarane i denne nye gruppa: Camilla Granlien, Vegar Vårdal, Julie Garmo og Bjørn Kåre Odde. For mange kan denne samansetjinga vera synonymt med ei supergruppe, og det var nettopp det desse fire var i kveld. Utan å ha øvd saman i levande live før konsertdagen tok dei publikum med på ein maktdemonstrasjon innan formidling: Frå eigne verk, via kjente og kjære tonar, til ukjende (for skribenten) songskattar.