Det opplyser Skjåk kommune fredag føremiddag.
Det er per 15. mai ingen registrerte pasientar med korona i kommunen. Dei to tidlegare smittetilfella er båe friskmelde. Det er i fylgje Skjåk kommune heller ingen i sjukdomskarantene i kommunen.
Analysekapasiteten på sjukehuslaboratoria har vorte trappa kraftig opp. Det er difor mogleg å ta langt fleire koronatestar.
– Vi får nå lov til å teste alle pasientar der det er mistanke om Covid19-sjukdom. Testinga kjem fortsatt til å bli gjennomført på legekontoret, melder Skjåk kommune.