17. mai i Skjåk: Programmet blir tilgjengeleg både på video og FM-radio

Skjåk kommune skal ha videosending på internett på nasjonaldagen, med eit omfattande 17. mai-program beståande av direktestrauming og ulike videoinnslag i opptak. 17. mai-programmet blir også mogleg å få med seg på radioen.
Nyheiter

Med korona-pandemien hengande over oss blir det ikkje noko tradisjonell feiring av nasjonaldagen i år. Men i Skjåk har 17. mai-komiteen fått til eit variert program, som skal straumast på internett.

Programmet i Skjåk startar med direktesending frå gudstenesta i Skjåk kyrkje klokka 10. Deretter går det slag i slag med direktesending frå Bismo der det blir korpsmusikk, veteranbiltog og traktorparade. Det blir elles fleire videoinnslag med elevar frå Lom og Skjåk kulturskule, teatergruppa i UL Fram, barnehagane i Skjåk, 1. klasse, og reiselivsdestinasjonar.

Frå Sansehagen på Skjåkheimen - som ikkje er open for publikum - blir det musikk med Lom og Skjåk Brass og Lom skulekorps, tale ved ordførar Edel Kveen, og innslag med Skjåk songlag.

Heile programmet kan du altså få med deg via internett på nasjonaldagen. Sendinga er tilgjengeleg via Skjåk kommune si heimeside og på Skjåk kommune si Facebook-side.

Har du tilgang på FM-radio kan du dessuten høyre lyden av Skjåk kommune si sending ved å stille FM-nettet inn på frekvensen 106,80.


I år blir det «veteranbil for tog» i Skjåk 17. mai

Det blir alternativ markering av nasjonaldagen i Skjåk.



Teatergruppa har laga musikkvideo om korona

17. mai har teatergruppa i UL Fram i Skjåk premiere på sin ferske musikkvideo «Samen på dona».