Grotli satsar på «skiheis for tog» 17. mai

– Eg kan ikkje hugse sist gong skiheisen har vore open på nasjonaldagen.

Skiheis for tog: Om vêret tillet det, vil det bli mogleg å ta skiheisane og stå på ski ned bakkane på Grotli på nasjonaldagen. Are Bergheim fortel at han ikkje kan hugse sist gong skiheisen var open 17. mai på Grotli.   Foto: Nina Kvalheim Kveum/Arkiv

Nyheiter

Det seier Are Bergheim på Grotli til Fjuken.

Det er att utruleg mykje snø på høgfjellet i Skjåk, og så sant vêret tillet det, vil skiheisane på Grotli halde ope både laurdag 16. og sundag 17. mai, opplyser Grotli-folket.

Grunna korona-pandemien måtte Grotli Skiheiser stenge etter vinterferien, men etter samråd med kommunelegen i Skjåk har skiheisane hatt nokre dagar ope dei siste helgene.

Nå blir det altså mogleg å ta heisen og stå på ski ned bakkane på Grotli på nasjonaldagen, men altså berre om vêret tillet det.

«Skiheis for tog» på nasjonaldagen må seiast å vera høgst uvanleg - også på Grotli ...