Ungdomar på jegerprøvekurs

Ein kan fort bli litt forundra når ein plutseleg møter ungdomar med børse i Presthaugen, men skummelt var det så absolutt ikkje: Dei var på jegerprøvekurs.

Komande jegerar: Frå venstre: Håvard Øverli Bore, Axel Schakenda, Jørn Angard, Øystein Marstein og Gjermund Olsen.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Med seg hadde dei instruktør Jørgen Vole, som kunne fortelja at dette er tredje året dei tre kommunane Lom, Skjåk og Vågå arrangerer samla jegerprøvekurs – med instruktørar frå alle dei tre lokale jeger- og fiskarforeiningane.