Satsar vidare på caravanbutikk i nytt lokale

– Det er dei som har vogn på campingplassane rundt om i Skjåk som er den største kundegruppa.

Caravanbutikk: Geir Ove Melby har flytta caravanbutikken inn i bygget til Melby Transort, der han har kontor. Butikken vart etablert i 2008, og inneheld det mest nødvendige av forbruksvarer og anna. Det han ikkje har, kan han skaffe på førespurnad.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Geir Ove Melby i Melby Transport. I 2008 opna han caravanbutikk på Signegarden i Bismo. I 2014 vart butikken flytta til Melby Transport si tomt i Industriområdet. Nyleg vart butikken flytta på nytt, til Melby Transport sitt nye lokale, på nabotomta som verksemda kjøpte på slutten av fjoråret.