Det kan bli folksamt i Jotunheimen i sommar

170.000 nordmenn har planar om å gå Besseggen i sommar. Det er over tre gonger så mange som i fjor. Nær 130.000 har tenkt seg opp på Galdhøpiggen. – Urealistisk, meiner dei som driv Gjendebåten og Juvasshytta.

Kø over Besseggen: I fjor gjekk 54.000 turistar over Besseggen. I ei spørjeundersøking ser 170.000 personar for seg å ta turen over eggen i sommar. Det er over ei tredobling. Slår dette til, blir det kø over Besseggen.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

I fjor gjekk 54.000 turistar over Besseggen.