Tog med firmabilar på nasjonaldagen

Spiterstulen har teke initiativ til å lage litt meir liv i Lom den 17. mai.

Nasjonaldagen: Pandemien og smitteverntiltaka gjer at 17. maifeiringa blir spesiell og lite sosial, men nå har Spiterstulen teke initiativ til å lage litt meir liv og røre.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Dei arrangerer det dei kallar «firmabiltog»!

– Har di bedrift firmabil? Meld dykk på innan onsdag 13. mai klokka 23.00. Russen er òg velkomne til å delta med sine bilar. Oppmøtestad: Kyrkjevollen. Alle må vera på plass før 12.50, heiter det i ei melding på heimesida til Lom kommune.

Det blir presisert at alle må halde seg inne i bilane – også når ein står på kyrkjevollen.

Klokka 13.00 skal heile Noreg syngje nasjonalsongen. Sjåførane blir derfor oppmoda til å slå av motoren akkurat den stunda. Etterpå skal firmabilane køyre seg ein tur, på rad og rekkje.