Har du ei koronahistorie å fortelje?

Har du ei koronahistorie å fortelje? Då set vi pris på om du kan bruke to minutt på spørjeskjemaet du finn link til i denne saka.

Dagleg leiar ved Senter for undersøkande journalistikk, Per Christian Magnus, håpar du vil dele di koronahistorie.  Foto: LLA

Nyheiter

Senter for undersøkande journalistikk (Sujo) og Landslaget for lokalaviser (LLA) ønskjer å finne koronahistoriene som ikkje er fortalde. I desse dagar går dei ut med eit spørjeskjema der dei oppmodar folk i heile Norge om å fylle ut skjemaet som ligg ved i teksten her.

Målet er å sikre ei brei og informert dekning av viktige samfunnsforhold – i heile landet. Derfor skal dei innsamla historiene, og informasjonen som vert henta inn, bli stilt til rådvelde for lokale medier over heile landet, etter redaksjonell handsaming av Sujo.

Dagleg leiar ved Sujo, Per Christian Magnus, fortel at det er kunnskap og informasjon som er mest naudsynt og etterspurt no.

– Derfor treng vi ein nasjonal dugnad. Vi må få fram ny informasjon og dei historiene som ikkje er fortalde, seier han.

Det er tidlegare TV2-journalist Steinar Figved som skal gå gjennom alt materialet som kjem inn.

– Du svarer anonymt. Dersom di historie vil bli brukt, tar vi eller lokalavisa kontakt med deg. Er du ramma personleg, eller har du til dømes sett noko på arbeidsplassen din som treng offentleg merksemd? Då er det viktig at du fortel oss dette, seier Figved.

Han legg til at vi er interesserte i folk sine historier, anten dei er små eller store.

– Vi håper at folk vil fortelje oss erfaringar og historier, slik at vi journalistar kan gjera jobben vår.

– Eg trur alle som driv med journalistikk kjenner på eit stort ansvar akkurat no. Det som skjer går så raskt og har så store konsekvensar for så mange, derfor vil vi gjerne ha tips som vi kan jobbe vidare med. Undersøkande journalistikk har aldri vore viktigare, legg Per Christian Magnus til.

– Personar som har tilgang til informasjon om kritikkverdige forhold skal kunne tipse oss på ein trygg måte. Så kan vi vidareformidle informasjonen til aktuelle journalister eller redaksjonar. Kanskje kan vi også få til samarbeid mellom fleire redaksjonar, seier Magnus.

Han er oppteken av at pressa sitt kjerneoppdrag er å bidra til ein meir opplyst befolkning, og håpar dette prosjektet kan bidra til akkurat det. Prosjektet er finansiert av Fritt Ord.

Her er skjemaet du kan nytte:

https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=8388301

Det blir også publisert ein video på sosiale medium i desse dager, med link til undersøkinga. Sujo og LLA håper folk er med og deler og svarer.