Fjellgeit-sesongen er i gang

Svarttjønne, Sandåhytta og utsiktspunkt på Lundahaugane er blant årets ti fjellgeitturar i Skjåk. 

Sesongen er i gang: Fjellgeita er turprogram for barn, ungdom og vaksne, og består av i alt ti turmål i skjåknaturen. 2020-sesongen er nå i gang. 

Nyheiter

Fjellgeit-sesongen er nå i gang, og styret i Fjellgeita håpar mange barn, ungdom og vaksne også i år gjennomfører dei flotte turane i skjåknaturen.

Fjellgeita 2020 består av fylgjande ti turmål:

  1. Utsiktspunkt på Lundahaugane
  2. Baksida av Heggebottvatnet
  3. Svarttjønne
  4. Maste i Lundagrenda
  5. Mårådalen
  6. Gamal-Hansvegen
  7. Sandåhytta
  8. Kollungstjønn
  9. Storhøbue
  10. Oppljosegga (1540 moh)

Postane vil stå oppe til i starten av oktober, melder styret i Fjellgeita, som samstundes ber tugåarar om å fylgje myndigheitene sine oppmodingar kring korona-pandemien.