I månadsvis har avgangselevane på dei vidaregåande skulane sett fram til på mai og russetid, som skulle bestå av mellom anna feiring, gjennomføring av russekrav, og utdeling av russekort. Men det blir ei historisk russetid for årets russekull rundt om i år.
Mange russ har bestilt seg hundrevis av russekort som dei etter planen skulle få delt ut nå i mai, men i desse korona-tider med smittefare er det ikkje berre enkelt for russen å få delt ut korta sine.
Nå vil Fjuken hjelpe til, og la russen få syne fram russekorta sine. Så, er du russ, vil vi gjerne at du tek eit bilde av russekortet ditt, og sender det til oss på e-post.
Bilde av russekortet kan sendast til adressa tom.erik.solstad@fjuken.no, så vil vi etter kvart leggje ut eit bildeglimt, der vi presenterer alle russekorta som kjem inn.
Nokre av bidragsytarane vil dessutan bli premiert med Fjuken-effektar.