Vegard nominert til Drømmestipendet

Musikaren Vegard Hosarøygard frå Lom er blant 445 nominerte, og kan vinne eit drømmestipend på 15.000 kroner.

Kan vinne drømmestipend: Vegard Hosarøygard frå Lom er ein dyktig gitarist og musikar. Han komponerer og produserer eigne låtar. Nå er han nominert til Drømmestipendet, og kan vinne 15.000 kroner, som han kan bruke til å oppfylle nokre av musikkdraumane sine.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd for ungdom mellom 13 og 20 år, der målet er å styrke det kulturelle mangfaldet over heile landet, og bidra til at talentfulle barn og unge får inspirasjon, verdifull synliggjering og oppmuntring til å dyrke talentet sitt.