Noa fann vener for livet i Nordherad

Nederlandske Noa fekk eit annleis skuleår i Noreg på grunn av koronaen. Og eit varmt møte med ein familie i Nordherad.

Vener for livet: Det er sagt at dei som går på eitt år på folkehøgskule, opplever eit spesielt år, blir kjent med nye folk og får venar for livet. Dette skuleåret vart svært spesielt for Gjermund Valde Sletten og Noa Carys Celie. Da koronaen stengde landet, reiste Gjermund heim. Etter eitt par veker kom Noa etter som «koronaflyktning». I seks veker nå har den nederlandske jenta budd på Sygard Valde i Nordherad, saman med familien til Gjermund. Her har Noa fått vener for livet, og lært om norsk kultur og levemåte i ei lita fjellbygd.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Da regjeringa «stengde landet» den 12. mars, fekk elevane på Rønningen folkehøgskule på Kjelsås i Oslo beskjed om å pakke sakene sine å reise heim.