Inviterer til korona-venleg konsert i Utgard - for 50 personar

Lokale musikarar står på scena når Utgard inviterer til maikonsert. Dette blir den fyrste konserten i fleirbrukshuset etter alle korona-avlysingane.

Kan ynskje velkomen: Driftsansvarleg i Utgard, Monika Øyen, gler seg til å ta imot både artistar og publikum i fleirbrukshuset att.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

– Endeleg kan vi ynskje velkomne til konsert att! seier driftsansvarleg i Utgard fleirbrukshus i Lom, Monika Øyen.

Fredag 15. mai blir det konsert i kulturstugu. Dette blir den fyrste konserten etter at korona-pandemien sette ein stoppar for kulturarrangement. Myndigheitene sine nye smitteverntiltak inneber at det nå er lovleg å gjennomføre arrangement med inntil 50 personar til stades, men berre om det blir lagt til rette for at personar som ikkje er i same husstand kan halde ein meter avstand frå kvarandre.

Utgard har lagt ut 50 billettar til konserten fredag kveld, og Monika Øyen opplyser at det berre blir førehandssal av billettane på nettet, og dermed ikkje mogleg å reservere eller kjøpe seg billett «på huset».

I fylgje driftsleiaren byrjar dei 50 billettane å gå unna.

På scena i Utgard fredag kveld står Julie Garmo, Camilla Granlien, Vegar Vårdal og Bjørn Kåre Odde.

– Dette trur eg blir heilt fantastisk, og eg gler meg til å ta imot både artistar og publikum, seier Monika Øyen.