Ordføraren etter dødsbrannen: – Heilt forferdeleg at brannen skulle få eit slikt utfall

Vågåordførar Harald Sve Bjørndal er svært prega etter brannen laurdag kveld, der éin person omkom.

Samling: Vågå kommune gjennomførte debriefing etter dødsbrannen laurdag kveld.  Foto: Arve Danielsen/Arkiv

Nyheiter

– Alt av alarmar og varsling, og innsats av både naudetatar og kommunalt tilsette på staden fungerte som det skulle, men dessverre gjekk eit liv tapt denne gongen, seier ordførar Harald Sve Bjørndal.