75 år sidan frigjeringa: Jo Haugtredet gøymde seg i «Fjukhuset»

Jo Haugtredet frå Skjåk var sjåfør i OKB – og motstandsmann. Dei siste krigsdagane måtte han gøyme seg i skogen.

Jo Haugtredet heldt seg skjult i skogen i nesten to månader før freden. Han hadde fint utsyn over Bismo (i bakgrunnen). Innfelt er Haugtredets eigen kalender frå dagane i skjul. 

Nyheiter

Våren 1945 var prega av fleire dramatiske hendingar i Ottadalen. Det tok til å rakne for tyskarane og dei norske nazistane, og dei for fram med hard hand.