Kommunen vil seie opp avtale – vil ha attende næringskoordinatoren

Vågå kommune ønskjer å seie opp avtalen med Ottadalen Massivtre AS for å frigje næringskoordinator Live Opsahl Brimi som er utleigd som prosjektleiar i 60 prosent.

Næringskoordinator: Koronasituasjonen gjer at Vågå kommune vil ha attende Live Opsahl Brimi for fullt som næringskoordinator. Ho har vore leigd ut i 60 prosent stilling som prosjektleiar til Ottadalen Massivtre AS. Her saman med Steinar Løkken, som er fagrådgjevar i selskapet.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Næringslivet i Vågå Kommune, har som andre kommunar store utfordringar grunna Koronapandemien. Fleire bransjar er stengt ned etter pålegg frå overordna myndigheiter, andre har vald å stenge som ein del av dugnaden om aktivt å bidra for å unngå og spreie smitte eller fordi grunnlaget for å drifte økonomisk forsvarleg ikkje er til stades.