Snart blir det sendt sms til alle i Lom og Skjåk

Innbyggjarane blir oppmoda til å ikkje ta imot påskegjestar.
Nyheiter

Kanskje har innbyggjarane i Skjåk fått sms-meldinga allereie. Ordførar Edel Kveen opplyser at meldinga truleg blir sendt i løpet av dagen, altså måndag. I Lom får innbyggjarane meldinga i morgon.

– I sms-meldinga oppmodar vi innbyggjarane våre til at dei ikkje skal ta imot besøk i påska, som eit bidrag til å halde smittespreiinga på eit lågast mogleg nivå. Det kan redde liv, sa lomsordførar og regionrådsleiar Bjarne Eiolf Holø i møtet i arbeidsutvalet i regionrådet måndag ettermiddag.

Han fortalde at Lom kommune er urolege med tanke på påska og moglegheita for at det kjem eit innrykk av fjellturistar som ynskjer å ordne seg på eiga hand.

– Berre i helga registrerte vi over 50 bilar som var innover mot Sognefjellsområdet. Vi fryktar det kan auke på med besøk og telting, og vi vil bruke alle kanalane vi har for å oppmode til ei minimal innreise til regionen vår. Det må vi, for å halde smittespreiinga på eit kontrollerbart nivå. Dersom det blir fint vêr, så fryktar eg at folk utan tilknyting til regionen vår berre kjem likevel, sa han.

I arbeidsutvalet sit alle ordførarane i Nord-Gudbrandsdalen. I møtet måndag ettermiddag fortalde dei kvarandre om siste nytt i høve koronasituasjonen, om beredskap, kva planar det blir arbeidd med og ikkje minst kva som kan gjerast for å hjelpe næringslivet.

Situasjonen er under kontroll i Nord-Gudbrandsdalen akkurat nå, i alle fall når det gjeld smittespreiinga.

Arbeidsutvalet i regionrådet arbeider hardt for at det skal halde fram slik.

Hardt blir det òg arbeidd for å hjelpe næringslivet. I Nord-Gudbrandsdalen, med så mange reiselivsbedrifter og andre småbedrifter som er knytt til reiselivsnæringa – er situasjonen bekmørk.

Arbeidsutvalet vart samde om å utarbeide eit brev til overordna myndigheiter.

Eldri Siem (Sp), ordførar i Sel, slo fast at ho støttar at det blir utarbeidd eit felles brev der det blir peikt på kva som er utfordringsbildet i vår region.

– Brevet bør gå til regjering og storting og stortingsrepresentane våre frå Innlandet. Brevet må vera så eksakt og konkret som mogleg, det nyttar ikkje å sende eit brev med ei mengd ulike punkt, for da vil bodskapen drukne. Vi spissar bodskapen i dette brevet, og så får vi sende fleire brev med andre tema seinare, sa ho.

Korleis næringslivet blir kompensert via dei ulike redningspakkene regjeringa har kome med, er det vanskeleg å setja seg inn i.

Harald Sve Bjørndal, ordførar i Vågå (Bygdalista), var inne på at det ikkje berre må sendast brev. Det må òg arbeidast med å hjelpe næringslivet til å få ut det det er mogleg å få ut via redningspakkene som allereie er på plass.

– Eg sluttar meg til at vi gjerne kan sende brev for å krevja meir, men i Nord-Gudbrandsdalen er vi truleg ikkje så spesielle samanlikna med mange andre område i landet. Derfor tenkjer eg at det vi kan gjera sjølve, må vi gjera skikkeleg. Vi må få rigga næringssjef-apparatet vårt, dei må koordinere seg og få fram dei moglegheitene som ligg i redningspakkene regjeringa har kome med. Det er store skilling i omløp, og her treng bedriftene hjelp til å manøvrere seg fram i systemet, sa han.

Arbeidsutvalet sa seg samde i det utspelet.

Frode Damstuen, dagleg leiar i regionrådet, tok til orde for at alle næringssjefar- og næringskonsulentar i Nord-Gudbrandsdalen bør ha eit stort og overordna fokus på alle ordningar næringslivet kan koma til å få tak på.

– Det blir ein stor jobb i seg sjølv å halde oversikt på dette, men det er heilt avgjerande, sa han.