Fylkesveg 51 Valdreflye opnar før påske

Vegen over Valdresflye opnar til 1. april. Om vêret tillet det.

Opnar før påske: Vegen over Valdresflye opnar til 1. april. Dersom vêret tillet det.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Fylkesveg 51 Valdresflye er vedteke å vere vinterstengt mellom 15. desember og 1. april, med tidlegare opning når påska kjem før denne datoen.

– Vi planlegg opning til 1. april, dersom vêret tillet det. Etter at vegen er opna, vil den bli nattestengt inntil vidare, opplyser Trond Røstadstuen, enhetsleder i samferdselsetaten i Innlandet fylkeskommune.