Friviljuge i Lom er parate til å yte hjelp

– Slik situasjonen er nå, vil eg seia det er god kontroll i Lom.
Nyheiter

Det svarar ordførar Bjarne Eiolf Holø når Fjuken ringjer og ber om ei oppsummering av stoda.

I skrivande stund er det framleis berre èin person som er påvist koronasmitta i Lom. Kvar ettermiddag eller kveld kjem det nye prøvesvar frå sjukehuset. Dersom det ikkje er nye smittetilfelle, prioriterer ikkje Lom kommune å melde ut dette.

– Vi varslar dersom det er endringar. Dersom det ikkje kjem oppdateringar, kan folk vera trygge på at det ikkje er nye påvist smitta i Lom, seier han.

Ordføraren fortel at det har meldt seg mange friviljuge som er klare til innsats.

– Friviljuge er opplært i ulike oppgåver som ikkje er av helsefagleg art, og mange av desse er allereie i gang. I tillegg har det meldt seg fleire personar med helsefagleg kompetanse, både pensjonistar og studentar. Desse er det òg drive opplæring på, og dei står parate til å yte hjelp dersom det blir behov for det. Oppsummert vil eg seia vi ligg godt an.

– Kva med smittevernutstyr? Har helsepersonellet i Lom nok av det?

– Vi har bra med smittevernutstyr i Lom. Vi rapporterer til Fylkesmannen dersom det blir behov for meir, svarar ordførar Holø, som er oppteken av at folk ikkje må kvi seg for å ta kontakt med legekontoret dersom dei kjenner seg sjuke – sjølv om det ikkje handlar om luftvegsinfeksjonar.

– Eg har fått signal om at somme kvir seg for å ta kontakt med legekontoret, fordi dei fryktar at legane er så pressa, men slik må ikkje folk tenkje. Legekontoret har varsla at dei har god kapasitet slik situasjonen er nå, og det er sjølvsagt viktig at andre helseproblem blir handtert, seier han.