Vogntoget nesten redda - etter ny orkankule ligg det på sida igjen

Etter fleire timar intens innsats for å berge det velta vogntoget på Strynefjellet bles det på nytt opp til orkan tysdag ettermiddag. Vogntoget stod nesten på hjula då orkankula gjorde det umogleg å fullføre jobben.

Klare til innsats: Jan's Bilberging klare til innsats i Breidalen midt på dagen tysdag.   Foto: Kjetil Bernhoft

Nyheiter

– Det bles så kraftig at vi ikkje klarte å gå vanleg. Vi hadde ikkje anna val enn å leggje vogntoget over på sida igjen og kome oss derifrå, seier Kjetil Bernhoft i Jan’s Blberging.