Sognefjellsvegen opnar ikkje til påske

– Det er ikkje planlagt å brøyte lenger enn til bommen ved Rustasetra i påska.

Sognefjellsvegen blir ikkje opna fram til Krossbu i år.  Foto: Fjuken/arkiv

Nyheiter

Sjølv om den store påskeutfarten kjem til å utebli, er det fleire som lurar på om Sognefjellsvegen blir opna fram til Krossbu. Det blir han altså ikkje, får Fjuken stadfesta av enhetsleder Trond Røstadstuen i samferdselsetaten i Innlandet fylkeskommune.

– Strekninga mellom Vegaskjelet (Leirlie) – Rustaseter kan, som tidlegare i vinter, bli stengt på kort varsel, viss det blir uvêr. Vi planlegg med normal opning av vegen til 1. mai. Driftsentreprenøren vår jobbar nå med oppfresing av strekninga opp mot Krossbu, men strekninga blir ikkje opna for trafikk før 1 mai, seier Røstadstuen.

Heller ikkje vegen innover Leirdalen blir open i påska.

– På grunn av at Leirvassbu ikkje opnar i vinter, blir ikkje vegen innover dalen brøytt. Ein får altså ikkje køyrt lenger med bil enn til Vegaskjelet, avkøyringa mot Leirvassbu frå Fv 55, Sognefjellsvegen, står det på Facebook-sida til Leirvassbu.