Alle eksamenar for 10. trinn og alle skriftlege eksamenar for vidaregåande skule er avlyst

Det skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

Blir ikkje eksamen: Det blir ikkje skriftlege eksamenar denne våren.  Foto: Arkiv

Nyheiter

I staden for å bruke tid og ressursar på skriftleg eksamen denne våren, har regjeringa bestemt at skulane skal prioritere undervisning og god vurdering av standpunktkarakter.

– Elevane vil få vitnemål trass i at det ikkje blir skriftleg eksamen i år. Det er viktig for meg at denne situasjonen ikkje skal øydeleggje for framtida til elevane. Eg veit at mange elevar har vore stressa og usikre på om dei må ta eksamen eller ikkje. Ved å avlyse skriftlege eksamenar, får lærarane betre tid til å drive undervisning og å gjera ei god sluttvurdering, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).