Status i Lom tysdag kveld

Ingen fleire påvist smitta.
Nyheiter

Det er framleis berre èin som er påvist smitta av Covid 19-viruset i Lom. Det er nå 23 i karantene.

Kriseleiinga i Lom kommune presenterer elles ei oppdatert «regel-liste» til innbyggjarane:

Kjære bygdefolk,
Takk for alt de gjer for å unngå smittespreiing - takk for at de held dykk mest mogleg heime, unngår å besøke kvarandre, vaskar dykk på hendene og held ein meter avstand på butikken! Utan denne innsatsen frå dykk, klarar vi ikkje å bli kvitt viruset som heng over oss nå.

Vi har oppdatert våre felles reglar, og håpar at alle held fram med å hjelpe kvarandre med å halde motet og trykket oppe! Desto flinkare vi alle er, desto fortare kan vi kome attende til ein normal kvardag:

  1. Hald hovudet kaldt og hjarta varmt, ver den rolege vaksne som barn (eller urolege vaksne) kan vere trygg hjå, ver den som ikkje belastar samfunnet med sinte ord, fordømmingar og krav om øyeblikkeleg svar.

  2. Har du korona-spørsmål, ta deg tid til å lese lokalavisa vår Fjuken og
    www.lom.kommune.no/koronaviruset. Les og på Folkehelseinstituttet sine heimesider www.fhi.no, og www.helsedirektoratet.no, som gjev nasjonale reglar til oss alle saman.

  3. Har du fortsatt spørsmål, ringer du beredskapstelefonen i Lom 481 65 519, eller den nasjonale smittetelefonen 815 55 015.

  4. Vi minner om at NAV er tilgjengeleg for deg. Mellom anna med hjelpemiddel, sjukemeldingar, permittering som følgje av koronaviruset, og omsorgspengar til fleire av dykk som må vere heime med barn. Sjå www.nav.no eller fyll opp tålmodstanken og kaffekoppen og ring 5555 3333

  5. Har du akutt behov for hjelpemiddel, ergoterapi eller fysioterapi, ring eller send SMS til 48 16 55 20 så vil fysio- og ergoterapitenesta hjelpe deg med dette. Tenesta er tilgjengeleg i ordinær opningstid.

  6. Er det mogleg du kan vere smitta, ring fastlegen (61 21 72 00). Om du ikkje får tak i fastlegen, ring legevakta (116 117). Da vurderer dei om du skal testast og ha karantene heime.

  7. Er du sjuk på andre måtar, ring legekontoret/legevakt før du møter opp. Treng du akutt hjelp, ring 113!

  8. Er du i karantene, bli heime. Ikkje gå på butikken eller andre stadar der du lett kjem i kontakt med andre. Generelt sett er vi alle sterkt oppmoda om å halde oss mest mogleg heime: Ikkje dra på besøk til kvarandre, og dra minst mogleg innom butikken.

  9. Er du i risikogruppe (over 65 år og har underliggande sjukdom), få nokon andre til å handle for deg. Har du ingen til å handle for deg? Ta kontakt med Lom friviljugsentral: 99 69 38 47 (kvardagar kl 09:00-15:00), e-post: ella.hoel@lom.kommune.no.

  10. Vask hendene dine grundig og lenge med såpe, - og ofte, dersom huda di toler det. Ha antibacen i lomma når du er rundt ikring. Host i papir som du kastar etterpå.

  11. For barn som opplever vold, overgrep, rus og anna omsorgssvikt kan dagane nå bli ekstra vanskelege. Vi må derfor bry oss litt ekstra! Er du bekymra for nokon, ring barnevernet: 908 54 475

  12. Er du over 65 år og kjenner på at du er einsam, bekymra eller utrygg?
    Ring beredskapstelefonen (481 65 519) eller Friviljugsentralen (99 69 38 47) - vi er her for deg!

  13. Ikkje kjøp inn kilovis med Skjåkmjøl og 50 boksar med fiskebollar om du ikkje skal mette ein heil hær. Det er framleis ingen grunn til hamstring.