Vogntog av vegen - fjellovergangen stengt

Riksveg 15 er stengt over fjellet. Det er venta full storm i fjellet.

Eit vogntog ligg på sida utanfor Opljostunnelen måndag kveld. Riksveg 15 er stengt, og det er meldt ekstrem vind eit par dagar.  Foto: Skjermdump webkamera Statens vegvesen

Nyheiter

For 18. gong denne vinteren er vegen mellom Skjåk og Stryn stengt. Denne gongen på grunn av sterk vind.

Som ein ser av skjermbildet av webkameraet til Statens vegvesen ligg eit vogntog på sida. Etter det vi får opplyst har vogntoget mest truleg køyrt av vegen og lagt seg over.

Det vil bli ekstremt sterk vind i Breidalen i natt, det er meldt opptil 35 m/s i kasta. Sterk vind vil det bli iallfall til og med onsdag, så ein må nok rekne med at vegen kan bli stengt eit par dagar i denne omgang.