Bønder i karantene eller isolasjon kan stelle eigne dyr

Det kan gjerast så sant øvrige krav frå helsemyndigheitene om blant anna sosial distansering og hygieniske retningslinjer blir imøtekomne.

Kan stelle eigne dyr: Bønder i isolasjon eller karantene kan stelle eigne dyr.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

Folkehelseinstituttet (FHI) og helsedirektoratet (Hdir) har vurdert spørsmålet om bønder kan gå i fjøset og stelle dyra sine dersom dei er smitta av korona, og dermed er underlagt isolasjon – eller dersom dei er i karantene.

Anbefalingar frå helsemyndigheitene:

* Ikkje arbeid saman med røktar eller anna personell.

* Hald 2 meters avstand til alle som må inn på garden, til dømes han eller ho som hentar mjølk, leverer fôr eller hentar dyr til slakt.

* Vask godt kontaktpunkt som eksterne kan koma i kontakt med ved henting av mjølk eller levering av varer til garden, slik at ein sikrar at ein ikkje spreier koronasmitta vidare til andre som må innom garden.