– Vi har god kapasitet på dei vanlege legetenestene våre

Det sa kommuneoverlege Gro Nørstebø Moshagen da ho måndag ettermiddag heldt ei orientering for formannskapet i Lom.

Viktig: – Trass i at vi ikkje har mange stadfesta koronasmitta i Lom, så er det svært viktig at vi alle greier å oppretthalde dei gode smittevernvanane våre, seier kommuneoverlege Gro Nørstebø Moshagen.  Foto: Privat

Nyheiter

Situasjonen er under kontroll i Lom. Status i skrivande stund er at Lom har eitt bekrefta smittetilfelle. 26 personar er i karantene.

– Vi har teke 31 prøver totalt. Vi har nokre svar som vi ikkje har fått inn ennå. Det er litt forseinkingar i laboratoriet på Lillehammer, ettersom dei får fleire prøver i døgnet enn det dei greier å ta unna, sa Nørstebø Moshagen.

Ho kunne fortelja at innbyggjarane i Lom har færre spørsmål nå enn berre for nokre dagar sidan.

– Beredskapstelefonen har fått mindre pågang dei siste dagane, det er betydeleg færre koronaspørsmål frå innbyggjarane nå.

Legesenteret i Lom har god kapasitet på dei vanlege legetenestene, det som ikkje er luftvegsproblematikk.

– Sistnemnde pasientar blir slusa inn for seg sjølve. Vi planlegg kontinuerleg for at situasjonen skal eskalere, men som sagt: Nå har vi god kapasitet.

Kommuneoverlege Gro Nørstebø Moshagen er elles oppteken av at sårbare grupper skal få god oppfølging – og at dei som tykkjer situasjonen er vanskeleg skal kunne få tak i einkvan å prate med.

– Vi tenkjer det er ganske mange som tykkjer situasjonen er vanskeleg. Vi arbeider med å fange opp dei som kanskje er i ein slik situasjon, og som samstundes ikkje har nokon stad å sluse det. Derfor arbeider vi med å få til ei form for lågterskelkommunikasjon på dette, sa ho.

Gro Nørstebø Moshagen gav uttrykk for ei konkret utfordring i det som ventar i dagane, vekene og kanskje månadene framover: Å halde fokuset og motivasjonen oppe hjå alle saman, inkludert innbyggjarane.

– Trass i at vi ikkje har mange stadfesta koronasmitta i Lom, så er det svært viktig at vi greier å oppretthalde dei gode smittevernvanane våre. Vi må fokusere positivt og halde fram som nå, det er kjempeviktig, sa ho.