Eit lite, men tenleg og berekraftig «korona-tips»

Simen Bjørgen har sendt oss eit aldri så lite «korona-tips» frå Garmo.

Kan det vølast, skal det vølast. Det er botvon i det meste, meiner Torstein Bjørgen.  Foto: Privat

Nyheiter

Bjørgens far, Torstein, fyller komande veke 81 år og vaks opp i eit tid da det ikkje berre var å gå på butikken for å få tak i det ein trengte. Ikkje hadde ein råd til det heller.

Ein måtte prøve å klare seg som best ein kunne med det vesle ein hadde, på ein liten gard med fleire sysken. Difor er gjenbruk noko han er oppfostra med frå barndomen av. Han kastar ikkje noko, for det kan ratt koma til nytte ein dag. Og er det noko som kan reparerast, så gjer han gjerne det. Det er botvon i det meste.

Torstein Bjørgen har alltid hatt tankar om det som rører seg i samfunnet.

– Nå for tida er det aktuelt med berekraft og sirkulær økonomi i internasjonal storpolitikk, noko far min har vore oppteken av lenge, fortel Bjørgen og dreg fram ein syssel som konkretiserer dette på jordnært vis.

– Sist sundag dreiv han med bøting av utslitne arbeidsvottar. Det hadde gått hol på tommelen. Den vart bøtt med brun ulltråd, og ord for dagen vart med det «det er betre for miljøet å vøle det ein alt har, enn å kaste det berre for å kjøpe nytt».

Kanskje er det også eit godt korona-tips, når vi skal halde oss heime - å sjå om det er noko i skap og hyller som skulle vore vølt? Undrar Simen Bjørgen.