Lom kommune ynskjer to typar friviljuge

I Lom vil ein gjerne ha med andre enn helsefaglege til dugnad i tida som kjem.
Nyheiter

Tidlegare har kommunen gått ut med ynskje om at dei med helsefagleg bakgrunn, som ikkje er i slike stillingar i dag, melder seg som friviljuge - for å ha ein best mogleg beredskap i kommunen.

Nå ynskjer ein at også andre, uavhengig av kompetanse, kan registrere seg som friviljuge. Arbeidet desse skal gjera er for eksempel å køyre ut varer til folk.

Ein kan registrere seg som friviljug på kommunen si heimeside, eller ta kontakt med kommunen på anna vis.

Status i Lom fredag kveld er at det ikkje er påvist smitte i kommunen og at 45 personar sit i karantene.