Ein i varetekt for kyrkjebrann og forsøk på brannstifting

Politiet pågreip cirka klokka 0030 natt til laurdag to personar på Dombås. Den eine er sjekka ut av saka.
Nyheiter

Ein person er sett i varetekt, og i fengslingsmøtet på Hamar erkjente den sikta straffskuld for både brannen i Dombås kyrkje og forsøket på å tenne på Sel kyrkje.

Båe dei gripne personane er i 20-åra og busett i Nord-Gudbrandsdalen.

Tidspunktet for arrestasjonen vart gjort på grunn av fare for nye eldpåsetjingar og moglegheita for at bevis kunne gå tapt. Kva som konkret førte til pågripinga kan ikkje politiet gå nærare inn på av omsyn til vidare etterforsking.

– Fordi brannen i Dombås kyrkje og forsøket på å tenne på Sel kyrkje har skapt stor uro i regionen, er det viktig for politiet å informere om pågripinga så tidleg som mogleg, heiter det i ei pressemelding frå politiet.