Sykehuset Innlandet: 3.000 prøver analysert denne veka

Analysene pågår for fullt ved avdeling for mikrobiologi ved Sykehuset Innlandet på Lillehammer.

Mange prøver blir testa dagleg.  Foto: Sykehuset Innlandet

Nyheiter

Avdeling for medisinsk mikrobiologi i Sykehuset Innlandet har berre denne vek analysert om lag 3.000 koronaprøver.

For ti dagar siden starta laboratoriet på Lillehammer opp med eigen diagnostikk for SARS-CoV-2, som er det offisielle namnet på det nye koronaviruset som nå herjar over store deler av verda. Før det måtte alle prøver sendat til Folkehelseinstituttet eller Oslo universitetssykehus.

– Det har vore eit stort lyft å få i gang analysene lokalt, seier divisjonsdirektør for Medisinsk service i Sykehuset Innlandet, Randi Lilleengen Beitdokken.

Tidkrevjande

Det er ein krevjande prosess å etablere nye testar. Avdelinga på Lillehammer etablerte testen av koronavirus etter råd frå Folkehelseinstituttet, på grunn av stort behov og aukande pågang. Hit kjem prøvene i eit omfattande system av budruter frå alle delar av Innlandet, både frå fastlegekontor, kommunehelsetenesta og sjukehusa. Avdelinga på Lillehammer har det einaste mikrobiologiske laboratoriet mellom Oslo og Trondheim.

– Ved hjelp av fantastisk innsats frå kyndige og engasjerte tilsette klarte vi å få testen opp å gå i rekordfart. Det krevst høg ekspertise frå bioingeniørar, molekylærbiologar og legar å tilpasse testen til instrumenta våre, og teste den mot etablerte standardar, for å sikre god kvalitet i påvising av aktuelt virus, fortel Beitdokken.

Sveinung Longva Vatnehol ved laboratoriet på Lillehammer.  Foto: Sykehuset Innlandet

Stor pågang

Da testen vart etablert førre veke vart det analysert om lag 50 prøver dagleg, medan det nå ligg på mellom 500-600 hundre prøver for dagen. Det er maksimum kapasitet per nå.

– I løpet av den siste veka er det analysert over 3.000 prøver, seier Beitdokken. Dette krev enorm logistikk, frå prøvemottak, analysering og til svar blir gjeve ut.

Den største utfordringa for laboratoriet nå er tilgangen til materiell.

– Tilgang på reagenser er ei utfordring nasjonalt, og vi har vore nødt til å hente inn utstyr frå ulike leverandørar. Det krev mer innkøyring og kompetanse, fortel ho. Det er også krevjande å skaffe til veges nok utstyr til prøvetaking, altså bomullspinnar og prøveglass som brukast til å gjennomføre testing på pasientane da det er internasjonalt mangel på slike.

Kjetil Fosnes og Lise Mette Mosand ved laboratoriet på Lillehammer.  Foto: Sykehuset Innlandet

– Sykehuset Innlandet forsyner alle prøvetakingsstadene i Innlandet, både legekontor, sjukeheimar, teststasjonar og sjukehus, med slikt utstyr. Slik situasjonen er nå må vi prioritere hardt. Denne prioriteringa blir gjort i tråd med gjeldande retningsliner frå Folkehelseinstituttet, forklarar Beitdokken.

Når laboratoriet på Lillehammer har analysert prøver blir resultata vurdert av mikrobiolog og positive prøvesvar blir gjeve direkte til rekvirenten og kommuneoverlegen.

– Ved å gje rask tilbakemelding på telefon kan dei gjennomføre smitteoppsporing raskast mogleg. Øvrige svar blir sendt ut elektronisk. Med den store prøvemengda som kjem inn ser vi dessverre at svartidene aukar. Vi skulle ynskje vi kunne teste enda fleire for å bidra til å bekjempe pandemien og gjer tiltak for å auke kapasiteten i tida framover, men dette vil ta noko tid, seier Randi Beitdokken.

Toril Stogjelten ved laboratoriet på Lillehammer.  Foto: Sykehuset Innlandet

Personell

Arbeidspresset i avdelinga er naturligvis stort i samband med den pågåande situasjonen med koronavirus.

– Også i ein normalsituasjon er dette ei avdeling med høg aktivitet, og eininga er bemanna for normal drift. Ved oppstarten av testing for koronavirus hadde vi åtte personar som var opplært i desse metodane, medan vi nå fortløpande har opplæring på fleire, fortel Beitdokken.

Tilsette som til vanleg jobbar kun på dagtid kvardagar, jobbar nå også både kveldar og helger.

– Mange jobbar lange dagar og til tider til langt på natt, for å ta unna for den aukande mengda prøver. Vi får støtte frå fleire einingar for å ha nok personell, og vi har også lært opp tilsette frå andre fagområde for å handtere analysemengda, seier ho, og legg til at dei tilsette gjer ein fantastisk innsats utover det som kan forventast.