Skjåk søkjer også friviljuge

Skjåk kommune ynskjer oversikt over tilgjengeleg personell.
Nyheiter

Kommunen presiserer at dette gjeld for arbeid knytt til koronaviruset.

– Vi ynskjer å kartleggje personar i Skjåk som kan bistå i ulike oppgåver slik at kommunen kan oppretthalde drift sjølv om mange av våre tilsette skulle bli sjuke. Dette gjeld spesielt personar med helsefagleg utdanning eller erfaring. Alderspensjonistar kan jobbe med koronakrisen utan å tape pensjon. Regjeringa lempar med umedelbar verknad på reglar slik at pensjonerte sjukepleiarar og andre i nødvendige yrkesgrupper kan jobbe utan å få pensjonen redusert. Regelen gjeld frå fredag 13. mars og fram til 1. november, og altså for arbeid knytt til koronaviruset.

Kommmunen vil ta direkte kontakt med den enkelte om ein kjem i ein situasjon med mangel på personell. For å halde oversikt over alle som ønskjer å bidra, så må alle registrere seg via eit skjema på kommunens heimeside.

– Jobb i kommunale helseinstitusjonar inneber lønn, og vera dekt av kommunen sine forsikringar. Alle må kunne vise politiattest.

Ved spørsmål, ta kontakt med Elin Bakke på telefon 997 56 690 eller e-post elin.bakke@skjaak.kommune.no.