Endring av tidspunkt for stenging av rv15 fredag

Statens vegvesen opplyser at stenginga av rv15 i Vikedalom blir noko seinare fredag enn fyrst varsla.

Stenging: Rv15 blir stengt i Vikedalom ein kort periode fredag.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Vi er avhengig av helikopter og tidspunkt er difor endra på grunn av dette, skriv driftssjef i Statens vegvesen, Asbjørn Stensrud, på melding til Fjuken fredag morgon.

Fredag skal Statens vegvesen løyse ut eit ras i Vikedalom, og rv15 vil difor måtte stengjast ein kort periode medan dette arbeidet blir utført.


Rv15 blir stengt ein kort periode fredag grunna «sprenging»

Fredag skal Statens vegvesen løyse ut eit ras i Vikedalom.


Asbjørn Stensrud opplyser at arbeidet ikkje vil bli utført i tidsrommet 12.00-12.30, som fyrst varsla.

– Tidspunktet for stenginga av vegen blir i staden 14.00-14.30, seier Stensrud.