Eidefoss reduserer nettleiga

Eidefoss Nett AS ser at mange kundar kan få problem med å betale rekningar etter å ha blitt permiterte eller merka andre konsekvensar som fylge av korona-pandemien.

Eidefoss Nett AS reduserer nettleiga for inneverande månad.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Som eit bidrag for å redusere økonomiske utfordringar som dette skapar, vil Eidefoss Nett redusere nettleiga for alle kundar ned mot null for mars 2020. Samla bidrag utgjer 7-8 millionar kroner. Avgifter til staten vil bli fakturert på vanlig måte, heiter det i ei melding frå nettselskpaet.