Ber alle gardbrukarar førebu seg på korona-sjukdom

Landbrukskontoret for Sel og Vågå ynskjer å kartlegge arbeidskraftreserve som kan nyttast dersom gardbrukarar blir sjuke.

Lammevakt: Landbrukssjefen i Sel og Vågå oppfordrar dei som kan ta lammevakt, fjøsstell eller anna gardsarbeid om å ta kontakt med avløysarlaget.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Landbrukssjef i Sel og Vågå, Per-Ivar Weydahl, har sendt ut melding, der han ber alle gardbrukarar førebu seg på korona-sjukdom.

Landbrukskontoret ynskjer å kartlegge arbeidskraftreserve som kan nyttast dersom gardbrukarar blir sjuke.

– Lamminga kan bli ei utfordring, også fjøsstell og gardsarbeid, skriv Weydahl i meldinga.

Landbrukssjefen oppfordrar dei som kan ta lammevakt, fjøsstell eller anna gardsarbeid om å ta kontakt med Vågå Avløysarlag på telefon 412 06 505 eller e-post vaga@avløysar.no