Rv15 blir stengt ein kort periode fredag grunna «sprenging»

Fredag skal Statens vegvesen løyse ut eit ras i Vikedalom.

Vegen blir stengt: Rv15 blir stengt i Vikedalom ein kort periode fredag, opplyser Statens vegvesen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Vi har halde området og skavlen under oppsikt sidan det store raset gjekk i februar, og ser nå at det har byrja å bygge seg opp med meir snø. På bakgrunn av dette vil vi fredag prøve å blåse ned skavlen, fortel driftssjef i Statens vegvesen, Asbjørn Stensrud, til Fjuken.

Det var tysdag 25. februar at det gjekk eit stort snøras i Vikedalom i Lom. Heldigvis vart ingen personar tekne av det store raset som gjekk over riksveg 15.


Skredet i Vikedalom: 80 meter breitt og 1,5 meter høgt

– Det er altfor tidleg å seia noko om når vegen kan opnast.


Fredag vil det bli geologisk synfaring på staden, saman med driftsentreprenør, før ein prøvar å løyse ut eit ras.

– Det vil ikkje bli brukt dynamitt. «Sprenginga» skjer ved hjelp av helikopter og ein såkalla desibelkanon som gjev høgfrekvent lyd, seier Asbjørn Stensrud.

Rv15 vil bli stengt medan arbeidet pågår fredag.

– Om det går som vi håpar er dette fort gjort, seier driftssjefen i Statens vegvesen.

Arbeidet vil gå føre seg i tidsrommet 12.00-12.30.

– Eg vil understreka at vi ikkje har grunn til å tru at raset vi forhåpentlegvis får utløyst fredag er så stort at det vil nå heilt nedi vegen, men tryggleik kjem fyrst og vi tek alle forholdsreglar. Difor har vi klar entreprenør fredag til å eventuelt rydde riksvegen for snø, slik at vegen kan opnast att for trafikk fort, seier Stensrud.

Driftssjefen opplyser at «naboar», som til dømes Nissegarden camping, anten er eller vil bli varsla om det som skal skje fredag.